page view image

Konsert - Mattis Kleppen & Thov G. Wetterhus

Informasjon
event image

Folkemusikksenteret i Buskerud, i samarbeid med Sørnorsk folkemusikksenter, tilbyr konserten «Slåttebass og munnharpeføss» med Mattis Kleppen og Thov Wetterhus i september og oktober 2023.
Mattis Kleppen frå Bø har patentert og perfeksjonert slåttespel på akustisk bass. Etter tingingsverket «El Bokko» på Telemarkfestivalen i 2015 har Mattis Kleppen og hans Resjemheia spelt land og strand rundt med sin proggete folkrock – til stor begeistring for eit stadig større publikum. Kleppen vender likevel stadig tilbake til utgangspunktet – slåttar framført av han og den akustiske bassen. Thov Wetterhus frå Nore i Numedal har vunne landskappleiken på munnharpe ikkje mindre enn seks gonger!
Det energiske og eggande spelet til numedølen har blitt ein favoritt blant både publikum, dansarar og dommarar dei seinaste åra, og debutplata hans “Stålslått” (2021) vart nominert til Spellemann-pris. Kvar for seg er dei heilt eineståande utøvarar på kvart sitt respektive instrument. 



Idèen om eit møte mellom Mattis Kleppen og Thov Wetterhus blei realisert i samband med Telemarkfestivalen 2022, der dei heldt ein dobbeltkonsert i lag. Her framførte dei eiget materiale i kvar deira solo-del, men i midten av konserten møttast dei til det som blei ein steintøff «session»-del med munnharpe og akustisk bass med drivande godt spel, trampeklamp og stor stemning. Utøvarane er tru mot tradisjonen, men dei er ikkje framand for å eksperimentere med sine instrument – som til dømes når Thov Wetterhus sendar lyden frå munnharpa via forskjellige effektboksar. Konserten blei svært godt motteke og vart ståande som eit av høgdepunkta frå festivalen. Sidan har Kleppen og Wetterhus utvikla eit nytt konsertprogram som vil veksle mellom repertoar for både solo- og duo-format med slåttemusikk frå Setesdal, Telemark og Numedal som eit utgangspunkt. Ei slik besetning med akustisk bass og munnharpe har så vidt me veit aldri vore gjort før!